Koseleg, tradisjonell jonsokfeiring

Tradisjonell jonsokfeiring med grilling (før grillen egentleg er klar), campingstolar på rekke og rad i Skiftustranda, bålbrenning, is-spising, tautrekking og sjølvsagt jakta på det største fisk og krabbe.

Maxim og lillebror jobba veldig målretta på krabbefangst, og størrelsen på krabbane blei større og større – og til slutt vant han for største krabbe
Sofie jobba også hardt både i fisking og krabbefangst, og ho og familien drog både inn flest fisk (2!) og størst fisk  – så då blei det premie på Sofie.
Det var også ein tradisjonell liten konkurranse for de vaksne – Tippe avstand frå stein i stranda til dobbe i sjøen – Her var det Ida – som hipp hurra på bursdagen sin – tippa nærast og vant twistposen !!

Takk til alle som møtte opp og gjorde sommarkvelden vellykka !  Jøsneset Bygdaråd


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.