Gåvedryss til Bygdarådet

Ellen Mari Fosså frå Hjelmeland Sparebank dukka uventa opp på Jøsneset Bygdaråd sitt styremøte i kveld.

Ho hadde med seg ein «sjekk» på kr 15 000 frå Hjelmeland Sparbank sitt gåvefond. Pengane er svar på søknad frå Bygdarådet om diverese oppgraderingstiltak på frilufts-møteplassen vår ved Fosstemmen  Ho kunne fortelje at det var kome inn ca 100 søknader, så leiar i Jøsneset Bygdaråd Oddvar Skiftun var takksam for at nettopp vårt prosjekt blir støtta

Ein del av tiltaka på Fosstemmen er alt utført tidlegare i vår, ma. beising, ny bålpanne/takke, bord og benk mm  – medan andre tiltak gjenstår.

Etter gåveuttdelinga hadde Jøsneset bygdaråd ordinært styremøte. Her er møtereferatet 11.06.24.  Her er mellom anna oversikt over andre tilskot Bygdarådet har fått denne våren.

Me minner elles om at dersom folk har saker de ønskjer at Bygdarådet skal ta opp, så kan dette meldast inn til leiar Oddvar tlf 419 15 215 eller epost bygdaradet@josneset.no 

Kalvagaren på Fosstemmen er omtrent verdas finast gapahuk og her har den fått eit strøk beis både innvending og utvendig. 

Nytt bord/benk og nybeisa fasade. Bålpanne, kaffekjel og takke er kjøpt inn – og alt ligg vel til rette for ein nydeleg møteplass i naturen for alle.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.