Me møtast på Fosstemmen 9. mai

Gapahuken på Fosstemmen er ein unik møtestad i naturen som blir svært mykje brukt av både fastbuande og ferierande. Då blir det litt slitasje av både bygg, terreng og utstyr.  Me har litt ting å fikse med, og det er aller kjekkast å gjere det i lag.  Så me håpar mange har lyst å kome. For: me kombinerer dette med litt varm mat og kokekaffe frå bålet – Me legg opp til ei sosial bygdesamling for heile familien ! 

Jøsneset Bygdaråd


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.