Det er gledeleg når det er lys i husa i bygda, og i vinter har me hatt ein fin liten tilvekst med innflytterar: to familiar på Foss og Fosså….og her er Mathias og Berit som har flytta frå Stavanger til Knutsvik. Velkommen til alle innflytterar !
Mathias driv som sjølvstendig tømmermann – og har du hytte eller hus der du treng eit oppdrag, ja, så er Matihas klar……
Mathias er 47 år, og fortel han har jobba som tømrar heile livet, og han har pussa opp både kyrkjer og middelalderslott. Men til vanleg byggjer han hytter og einebustader på bestilling…..eller berre ein ny terrasse. Han seier at alle bestillinger er velkomne, ingenting er for lite eller for stort. Gratis og uforpliktande befaring hos alle kunder. Mathias Garpdal 92092124, Garpdalbyggkonsult@outlook.com
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.