Vinnar: Rune Egeskog
Spørsmåla til årets påskequizz var fordelt ut på 8 ulike postar i bygda. Sigurd Opedal og Rune Egeskog var dei to som besøkte alle postane, og svara……….
……på alle spørsmåla. Flott innsats, for det innebar òg ein «svipptur» oppom Norda Høgaste ! Og innsatsen viste igjen på poenglista, då dei fekk med seg alle spørsmåla. Men ingen av dei to hadde ALLE rette svar. Begge hadde nokre småfeil, på ulike stader. Nokre av spørsmåla kunne gi meir enn eitt poeng. Både Sigurd og Rune hadde 20 poeng av 23.
Dermed blei det loddtrekning, og vinnaren blei Rune Egeskog. Premien er ein gåvepakning med Buhagen musserande eplemost.
Det blei òg trekt ein «trøstepremie» blant alle deltakarar, uavhengig av antall avgitte svar. Vinnar av «trøstepremie» påskesjokolade var Marit Tesdal. Ho gjekk ikkje på alle postane, og fann difor ikkje alle spørsmåla, men svara elles svært godt på dei ho fant.
Her er spørsmåla med svar.
Takk til alle som deltok. Takk for innsendte bilder. Foto over er Rune Egeskog på Brynå
Nettredaksjon Jøsneset.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.