Den markante «koronaeffekten» ift turgåing har avtatt ein del, men likevel er det framleis stor aktivitet i turløypene, og høge tal besøkande på turpostane både av fastbuande, fritidsbuande og dagsgjester. På årsmøtet i Helselaget 14.mars blei det trekt ut 13 vinnarar av 4701 turpostbesøk:
Framleis er det Nesdalfjell som tronar på topp som bygdas mest populære turpost med 1403 noterte namn i 2022. Og framleis er det kvinneandelen som er desidert høgast her: heile 80 % av besøande er kvinner. Og av hyppigast besøkande av alle er Idun Nesvik, Tone Kari Nesvik, Helga Havnerås og Marit T Nesvik, i år som i fjor. Flott ! Desse har nok forstått gevinsten og verdien med dette Å GÅ. Ja, for nettopp dette var tema på årsmøtet Helselaget denne veka, sjå meir om dette under tabellen. Her er turpostvinnarane:
Odny Kjølsvik snakka på årsmøtet i Helselaget om «Kvifor det er viktig å gå» Odny er frå Fogn, pensjonert sjukepleiar og nestleiar i Nasjonalforeningen for folkehelsen i Rogaland. Kjølsvik var inne på alle gode helseeffektar av å gå, og viste i stor grad til forskning på temaet. Det å gå, eller anna fysisk aktivitet, er forebyggande på mange livsstilsjukdommar og har stor effekt for mental helse og hjerneaktivitet. Det er utført ein god del ny forskning på hjerneeffekten med å gå/fysisk aktivitet, og td ift sjukdommar som demens/alzheimer. Det å gå er enkelt, rimeleg og lett tilgjengeleg – og burde vore ein opplagd resept-form ift mange helseplager. Les gjerne meir om helseeffektane ved å gå/fysisk aktivitet i HelseNorge og NorskForskningsråd
Og her på Jøsneset ligg forholda godt til rette; me har flust av motbakkar, vakker natur og tilrettelagde turløyper. Turåret 2023 er godt i gang. Me oppmodar: bruk beina, bruk motbakkane, bruk nærmiljøet og turpostane til oppbygging av eiga fysisk og mental helse. Få gjerne med deg ein venn, ein nabo eller familemedlem – då blir effekten ekstra god Her er turkart Jøsneset.
Og hugs : naturopplevingane kjem som ei ekstra bonus i tillegg til alle andre gode effektar. Godt turår 2023
Foto: Svanhild Hjorteland Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.