Møt opp på kommunestyremøtet !!

Oppmodinga kjem frå Samarbeidsutvalet på Jøsneset skule, og gjeld nedlegging av Jøsneset skule som skal opp til endeleg behandling i kommunestyret ONSDAG 30.10.13 kl 17.00.  Både Samarbeidsutvalet og Bygdarådet har engasjert seg mot nedlegginga, og har sendt uttalar i saka. Trass i stort engasjement frå bygda, ser det nå ut for at det går mot endeleg vedtak om nedlegging: Saka har gått gjennom både Oppvekstutval og Formannskapet med samrøystes vedtak om nedlegging.
Sakspapira finn de på heimesida til Hjelmeland kommune. Har du ikkje høve til å møte opp «live», kan du følgje kommunestyretmøtet på nett på direkten HER.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.