Syrinhortensiaen på Fosså står framleis i full blomst akkurat nå i månadskifte september/oktober, sjølv om blomstringstida nok snart er over. Men den er eit syn!! 2-3 m høg og nesten enda breiare; og fullspekka av store flotte,luftige kvitrosa blomsterklasar. Blomen på Syrinhortensia minnar litt om syrin, men er mykje større og blomstrar altså utover seinsommar/haust. Blomen er veldig dekorativ og fin å ta inn som snittblom. Dette eksemplaret trivst tydelig veldig godt på denne lune plassen på Fosså. Foto: Ellen Mari Fosså. Send oss gjerne bilde frå din hage; kanskje du òg har noko fint som blomstrar eller er fin på andre måtar nå på hausten: ungdomslaget@josneset.no.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.