
Jøsneset helselag sin seniortur gjekk i år til Jelsa 5. juni og 12 seniorer var med.
Lunsj var bestilt på Jelsa Hotell, og me blei servert Skattkammertallerken, som bestod av bare lokale produkter. Masse gode smakar, og smakfulle Jelsa jordbær til dessert.

Etter lunsjen fekk me guiding i Jelsa kyrkje frå 1647, med eit tak som visar ein himmelkvelv med millioner av stjerner (sjå bilete)
Var òg innom skulemuseet, eit skulehus som blei bygd i 1774.
Været var ikkje heilt topp, men ein kjekk tur i godt lag, kjørt trygt av Ryfylkebussen- Jøsneset Transport.
Takk for turen og laget.
Arr. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.