
Heile løypa er gjennomgått – og alle nutar «sjekka». Det er friska opp med merking der det var litt «falma» – så det skal vere godt å finne fram, sjølv med dårleg sikt. Men ta gjerne med deg eit kart som du kan følgje med på undervegs om du ikkje kjenner løypa frå før.
Kart og meir info om Hardhausen

Dei fleste startar nut-turen på Åsland. Då er NordaHøgaste 690 moh første stopp, med dramatisk utsikt ned mot Erfjord.

Gunlanuten er den høgaste på 829 moh. Her er det òg utsikt ned til Erfjord, men også mot Ombofjorden, og ikkje minst: herfra kan du òg sjå omtrent heile løypetraseen du skal gå for å bli Hardhaus.

Røssenibben er ein markant nut ut mot fjorden, på 718 moh. På toppen herfra kjem du til å sjå heile den lange Jøsenfjorden, både innover og utover. Så berre gled deg !

Frå Valafjellet 712 moh får du òg flott utsikt sørover Ombofjorden og over til Hjelmeland.

Sentralt i løypa opp mot Gunlanuten ligg Gunlabu ca 705 moh. Her er det pop-up-nøttestasjon denne dagen, til «ære for» alle glade vandrarar. Her får du nøtter og saft og ein prat med representant for arrangøren.
Basen for arrangementet er Fosstemmen 380 moh. Der må du gå innom når du er ferdig med alle nutane. Så registrerer du deg. Kanskje kvalifiserer du til deltakarpremie 1. 5. eller 10. gong? Eller kanskje er du heldig og blir trekt ut som vinnar av anna deltakarpremie?
Alt er klart – løypene, heia og nutane ventar på deg. Sjekk værmeldinga før du går. Ha gode sko, klede og skikkeleg niste. Dette er ein lang og relativt krevjande dagstur på merka terrengstiar i terrenget med ein god del høgdeforskjell. God tur og nyt dagen !

Foto/tekst Svanhild Hjorteland Gbada
Arrangør:

Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.