Prosjekt ny inngang Grendahus

Flott dugnadsinnsats frå Bygdarådet og gode hjelparar - men avslag frå lokalbanken

Oppussingsprosjektet i 70tals-garderobane på Grendahuset skrid framover. Jøsneset bygdaråd jobbar med oppgradering av denne delen av forsamlingshuset for å få til godkjent universell inngang med tilhøyrande toalett. Dette kostar. Så Bygdarådet søkte midler frå gåvefondet i Rogaland Sparebank, men fekk avslag. Me håpar på betre uttelling på søknaden til Hjelmeland kommune.

Men Bygdarådet har sjølv òg avsett midlar, så dette skal uansett bli fullført.

Første steg i prosjektet er nå fulført og utført på dugnad, så her er det spart mykje utgifter. Det har vore 2-3 dugnadsøkter tidlegare i vår, og tysdag kveld denne veka blei rivejobben fullført. 5-6 stk med godt utstyr og rå muskelkraft i 3 timar: alt i begge garderobane, toalettet og gangen er nå ferdig rive ut; dører, vegg- og gulvplater.

Og det er konstatert: de mangla verken lim eller spiker på 70-talet – for plater og bjelkar var solid festa……..så svetten rant og 70-talsstøvet rauk nå i mai 2025 når alt dette skulle ut !

Einaste som nå gjestår er å få kjørt to nye lass rivingsavfall avgårde til Viganeset !


Nå er alt fiks ferdig og klargjort for at Hjelmeland bygg kan kome å gjere jobben sin . Dei startar arbeidet veke 22. Nye plater tak, vegger og golv – nye forskriftsmessige dører, nytt el-anlegg og oppgradert toalettrom

Det er nå fjerna nokre småvegger, så nå blir det romslegare, trinnfritt og fint å kome seg inn i til salen.

Hjarteleg takk til alle som har bidratt til dugnad så langt !

Jøsneset Bygdaråd

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.