Takk – og velkommen

Tusen takk til denne gjengen + 2-3 til som deltok på felles dugnadsinnsats for våre fellesområder både rundt grendahuset og rydding langs vegane. Me fekk gjort ein del, men kunne nok ønska at enda fleire møtte opp. For me har enda meir som skal gjerast. Så velkommen til fleire frivillige !

Det eine oppdraget er riving av dei gamle garderobane, der det nå skal pussast opp og lagast universell inngangsparti mellom anna. Der er me komne eit godt stykke på veg, men nå er det plater og golvbelegg som skal rivast ut. Hjelmeland bygg skal deretter inn og pusse opp

Det andre oppdraget er utvask og vindusvask. Spesielt Trivselstova treng ein skikkeleg rundvask, men òg andre stader. Eit par stk har alt meldt seg til vaskejobben, men kjempefint med fleire frivillige hender både til det og rivejobben.

Kontakt Svanhild på sms 97 00 76 36 om du kan bli med på innsats for våre felleslokaler på Grendahuset.

Jøsneset Bygdaråd


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.