Strandrydding utført

Her fant Simon og Silje ut at det framleis er ein del «Ryfast-plast» å finne.

Ein del søppel å finne her og der, spesielt plast og taustumpar, men bedre enn tidlegare år. Men veldig flott der ute langs kystlinja vår desse fine vårkveldane.

Me har fått melding om 6 frivillige som har vore ute i omlag 12 timar til saman og tatt for seg mesteparten av strandlinja vår. Frå Ørevik til Knutsvik, Skiftun-og Nesvikomårdet. Me har rapportert dette inn til Hjelmeland kommune.

Me har ikkje fått melding om at nokon har gått innover fjordane Erfjord eller Jøsenfjorden. Vanskeleg å komme til der utan båt.

Dersom nokon har rydda utan å melde frå, er det også veldig bra, sjølv om det ikkje kjem med på statistikken.

Denne var «parkert» på ein svært utilgjengeleg stad, så den får stå parkert ei stund til .

Fordelen med å gå på strandrydding er at du får nydeleg utsikt, frisk luft og god trim ! Her frå Steinvika

Takk til alle som deltok !

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada
JØSNESET BYGDARÅD


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.