Hurra for 25-års-jubilanten Mikals Laks

Astrid Fossaa Viga og Mikal Viga har nå drive fram velsmakande røykelaks på Jøsneset i 25 år, og dette blei feira med ope hus, gratis laksebuffet, flott marsipankake, kaffe/is, talar, blomstergåver og godt rabatterte prisar på alle deira produkt……og ikkje minst MASSE gjester !

Heile familien Viga, med fleire gode hjelparar farta på heile dagen for å betjene alle som ville innom å feire dagen saman med de. Det blei travelt både i kakefatet, smaksbuffeten og kasseapparatet. I følge Astrid hadde Mikal gløymd å seie til folk kva tid festen begynte (kl 14), så det begynte å komme folk allereie kl 9.00. Så det blei ei lang feiring. Det blei uttalt frå nokon at «heila Hjelmeland» var på plass på feiringa. Iallefall var det svært folksomt til å vere på Jøsneset ! Då «Jøsnessida sin utsendte» ankom festen kl 18, ein halvtime før stengetid var kaka «gone», men humøret på jubilantane var framleis på topp og laksesmørbrød med kaffe og ein god prat attåt blei det på alle !

«Mitt Hjelmeland»-journalisten Morten Hetland var innom jubileet heilt frå start. Sjå fleire bilde og les hans innlegg her: «Feira 25-års-jubileum med pomp og prakt» . Der finn du òg heile historia om Mikals Laks.

Dette er ei flott bedrift å ha på Jøsneset! Dei leverer høgt premierte produkt med lokal identitet, og det er alltid triveleg å stikke innom utsalget deira. Ekstra hyggeleg er det nå at datter Maren Fossa Viga har overtatt som dagleg leiar, og familiebedrifta fossar fram inn i framtida med stadig stødig førsteklasses produkt !

Me på Jøsneset gratulerar hjarteleg til jubilanten, spesielt Astrid og Mikal ! Og samstundes ønskjer me Maren masse lykke til med nye 25 år . Me gledar oss allereie til 50 års-jubileumet, Maren !!

Foto: Maren Fossaa Viga


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.