Folkemøte Grendahuset 5.nov

Leiinga i Hjelmeland kommune skal i haust rundt i alle bygdene i kommunen for å informere om pågåande kommuneplanarbeid. Møtet på Jøsneset blir TYSDAG 5.NOVEMBER kl 18.00 – GRENDAHUSET.

Det er fleire planar på gong parallelt nå:

  • Kommuneplanens samfunnsdel
  • Kommunedelplan for byggeråstoff og massehandtering
  • Kommundelplan for naturmangfald
  • Prosessen «Innsatstrappa»

Infomasjon om alle desse finn du på Hjelmeland kommune si nettside.
Felles for alle desse er at dei handlar om korleis me vil ha samfunnet vårt i åra framover.

Kommunen vil orientere om alle desse planprosessane, og vil òg gjerne ha innspel frå oss innbyggjerar.

Velkommen på Grendahuset tysdag 5. november kl 18.00

Me i Bygdarådet koker kaffe/te !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.