Stor interesse for informasjon om steinbrot

Mibau Stema AS hadde invitert til ope folkemøte om mogleg steinbrot i Knutsvikheia – og nærare 130 personar møtte opp på Jøsneset grendahus for å få vite meir og ytre sine synspunkt.

Administrerande direktør i Mibau Tor Helge Hilmarsen og geolog i same selskap Martin Vika Gjesteland informerte om verksemda og om innspelet dei har sendt inn til Kommunedelplan for byggeråstoff i Hjelmeland kommune.

Geologen forklarte om NGU si kartlegging, og at området i Knutvikheia er definert som ein nasjonalt viktig område for uttak av pukk som byggeråstoff. Uttaksområdet er vist på kartet med lilla farge, og strekk seg frå sjøen i Morkjå og oppover terrenget mot Høgafjell og Våberfjellet.

Dei ser for seg ein lang prosess for å eventuelt få arealet godkjent som uttaksområde i kommunale planar, og det kan kanskje 10-12 år fram i tid før dette eventuelt kan realiserast. Eit eventuelt uttak vil skje med uttransportering ned til Erfjorden, og ut med skip, og kan truleg få ei produksjonstid på bortimot 50 år. Men her er mykje usikkerhet, og få undersøkingar er gjort.

Det må gjerast omfattande konsekvensutgreiingar og nærare undersøkingar om lokaliteten faktisk er godt eigna. Innspelet som nå er sendt inn er for å få avklaring på om Hjemland kommune er positiv til eit slikt uttaksområde her.

Plan-og forvaltningsleiar i Hjelmeland kommune Haldis K Nilsen var på møtet – og forklarte om planprosessen som nå er under behandling. Kommunestyret i Hjelmeland har vedtatt at det skal lagast ein plan for byggeråstoff. Og prosessen har starta, og innspel har kome. Men sjølve planforslaget er enda ikkje utarbeidd. Men det har kome fleire innspel. Desse vil bli grovt konsekvensutgreidd og lagt fram for politisk behandling ila vinteren. Truleg utpå nyåret vil politikarane måtte ta stilling til dette uttaksområdet. Deretter vil planen kome på offentleg høyring – og alle som vil kan meine noko om planen. Til slutt vil kommestyret ta endeleg stilling til saken.

Her er presentasjonen til Haldis som forklarer meir om pågåande og framtidig planprosess som må til for å kunne få realisert eit slik uttak.

Folk i salen hadde mange spørsmål. Det gjekk på t.d infrastruktur/vegar, påverknad på grunnvatn, sikringssoner, utskiping, støv, støy, rystelsar, naturverdiar, etterbruk, driftstid, miljøpåverknad på bu-og hyttemiljø, livet i sjøen/på land, mm. Mange av svara Mibau ga var av typen «i utgangspunktet» eller «ut frå erfaring» frå andre stader – Dette fordi planane for uttaket er i ein svært tidleg, sonderande fase.

Mange fekk lufta sine spørsmål og ytra sine synspunkt.

Status i saken er at innspelet ligg til behandling i Hjelmeland kommune.

Her er link til meir informasjon om byggeråstoffplanen.

Jøsneset bygdaråd var praktisk arrangør og leigde ut grendahuset til Mibau denne kvelden. Det gjekk unna på både kringle, kaffe og lokal eplesaft/frukt til den fullsette salen.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.