Frukthausten i gong

I frukthagen til Jostein Hjorteland på Øvrebøen er epleplukkinga sett i gong, og unge og gamle er i sving.

Epla ser jo kjempeflotte ut !! Raude, runde og saftige !
Eller ?
Ei lita haglebyge på forsommaren er blitt fatalt for svært mange fruktbønder i SørNorge i år. Også her i Hjelmeland og på Jøsneset.

Hagl sette små prikkar i overflata på dei små eplekarten på forsommaren, og desse forsvinn ikkje. Sorteringsreglane for norsk frukt er så strenge at svært mykje går til 2.sortering og press. Det er også mykje arbeid å sortere frukta undervegs i haustinga.

I frukthagen hos Jostein er det han sjøl + mor Olga og nevø Jakob som har starta opp sesongen, men etterkvart kjem det fleire gode sesong-medhjelparar. Olga er vel den mest erfarne med arbeidet, og har enda ikkje «gått av med pensjon» trass sine 91 år.

Denne Discovery ser jo fristande ut – men går nok til press pga hagl-prikkane !

Foto: svanhild hjorteland gbada.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.