Hardhausen 2024 går inn i historia som ein jubeltur i eit strålande solskinn ! 99 deltakarar på arrangementet og heile 90 stk gjekk alle 4 nutane, og kan kalle seg HARDHAUSAR. Det var ingen som gjekk 3-nutstur i år, men altså desto fleire som tok den store utfordringa med ALLE nutane. 9 stk deltok på kortare distansar.
Bildet over er då Eirik 6 år og Nora 9 år Laugaland kom i mål: Eirik var dermed den desidert yngste Hardhausen ! Dette prøvde han for første gong i år, og det blei full klaff!! Ikkje mange på hans alder som har tatt denne styrkeprøven ila dei 16 åra Hardhausen nå har vore arrangert ! Godt då å ha følge med spreke storesøster Nora, som òg gjekk heile Hardhausen for første gong – Dei gjekk saman med mor Anne og far Terje på turen !
Det var òg rekordmange 1.års-deltakarar på arrangementet – Heile 35 stk – derav 32 av desse gjekk heile Hardhausen; dvs NordaHøgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet. Veldig bra frammøte. Veldig bra vær. Veldig bra stemning. Veldig bra frå ende til aen. Og best av alt: Røde Kors kunne reise heim etter ein lang dag på vakt utan ein einaste skade eller uhell. Fantastisk ! Her er heile DELTAKARLISTA HARDHAUSEN 2024
Tre deltakarar har deltatt alle 16 gongene Hardhausen har blitt arrangert: Det var Vebjørn Fosså, Jakob Hjorteland Gbada og Rick Andre Opedal – Bravo !
To deltakarar deltok i dag for 15. gong: Inge Torkel Skiftun og Lene Hjorteland – dei fekk krus og T-skjorte
Ein deltakar deltok for 10. gong og fekk krus: Ronja Foss.
Fem deltakarar deltok for 5. gong og fekk T-skjorter: Siri Mona Damsgård, Kjetil Laugaland, Gro Helland, Tom Steinar Nærheim og Jarle Våge
Og altså heile 35 stk 1.gongsdeltakarar som fekk krus
Det blei trekt ut to hovudpremier blandt Hardhausane: To hengekøyer. Dei gjekk til Terje Laugaland og Kjetil Skogen.
I tillegg blei det trekt ut fleire deltakararpremiar blandt alle på deltakarlista :powerbankar frå Hjelmeland Sparebank og koppar frå Nasjonalforeningen for folkehelsen
På Gunlabu fekk deltakarane saft og nøtter og på basen/mål ved Fosstemmen fekk de saft, kaffe, jødekaker, brownies og frukt
Takk til alle for ein strålande dag. ME LEGG UT FLEIRE FOTO PÅ JØSNESET SI FACEBOOKSIDE
Arrangør: Nasjonalforeningen for folkehelsen – Jøsneset Helselag
Foto: Svanhild Hjorteland Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.