Har du bil og litt ledig tid?

Solbygda har fått ei utfordring, og den klarer me forhåpentligvis å løysa: I vinter flytta ein familie på sju frå Ukraina til Fosså. No skal foreldra starte på introduksjonskurs for flyktningar på Jørpeland, medan tvillingane på 4 skal gå i Hjelmeland barnehage. Familien har foreløpig ikkje eigen bil, og treng skyss til 06:40-ferja frå Nesvik 4 dager i veka.

Familien treng skyss frå MANDAG neste veke, og me håper å få til ei «skyssgruppe» av hjelpsomme Jøsnesbuar! Er me til dømes 8 stk, blir det ein liten køyretur kvar 14. dag.

 Har du bil med plass til 4 passasjerar og anledning til å bli med – ein gong eller fleire – ta kontakt med Silje på tlf 95062607 
eller send ein epost til bygdaradet@josneset.no 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.