Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis

Det litt skiftande bob-bob-langfredagværet viste seg å vere som skapt for innandørsturnering i bordtennis. 47 påmeldte fordelt på 12 i ungdomsklassen, 11 i dameklassen og 24 i herreklasse. Totalt 115 kamper ble spelt.     Og her er vinnarane i dei ulike klassane: 

Vinnarane i kvar sine klassar frå v: Anbjørg, Norunn og Kurt

Resultat ungdom: 1. Anbjørg Westersjø, 2. Fredrik Osmundsen, 3. Alfred Tesdal Nesvik, 4. Mathias Erda

Resultat damer: 1. Norunn Westersjø, 2. Ingeborg Westersjø, 3. Kristiane Westersjø, Ronja Foss

Resultat herrer: 1. Kurt Hjorteland, 2. Jon Eiane Brandal, 3. Roar Fjermestad 4. Jan Arild Rinder.

Det var ca 100 personer innom  på turneringa så det var både mykje publikum og mykje spelarar – i alle aldre. Veldig kjekt med så godt besøkt

Takk til alle som kom og bidrog til god stemning

Finalekamp mellom Kurt Hjorteland og Jon Eiane Brandal, der Kurt gjekk seirande ut.

Stor interesse rundt kampoppsettet og resultatlista.

Kafeen var open under heile turneringa . Heimelaga og velsmakande. Sosialt og koseleg.

Arrangør: Jøsneset Bygdaråd……. vel å merke under veldig stram regi/idè/utføring frå familien Westersjø frå Foss.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.