Stinn brakke på bedehusbasaren

Påskebasar på bedehuset er god gammaldags tradisjon ! Og i år blei det suksess !  Denne gongen var det «vår eigen» Ådne Skiftun, pensjonert sokneprest frå Skiftudalen som heldt talen.

Ådne kom eins ærend frå Gudvangen, der han nå er busett.  Og han kom til fullpakka bedehus. Komiteen tippar nærare 150 var til stades. Det var trangt om plassen, hett under taket, kø i loddsalget, tettpakka matsal,  og praten gjekk livleg blandt fastbuande, fritidsbuande, ferierande påskegjester, store og små.   Ellen Mari Fosså i bedehus-styret fortel om ei rivande interesse for loddsalg, og inntekta til bedehuset kom på over 70 000 ! Alle i styret takkar for stor interesse og ei kjærkommen inntekt til drift av huset

Til og med talaren måtte stille i loddsalg-kø.

Mange fine gevinstar gitt av lokale bedrifter og privatpersonar


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.