Månad: mars 2024

Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis

Det litt skiftande bob-bob-langfredagværet viste seg å vere som skapt for innandørsturnering i bordtennis. 47 påmeldte fordelt på 12 i ungdomsklassen, 11 i dameklassen og 24 i herreklasse. Totalt 115 kamper ble spelt.     Og her er vinnarane i dei ulike klassane:  Resultat ungdom: 1. Anbjørg Westersjø, 2. Fredrik Osmundsen, 3. Alfred Tesdal Nesvik, 4. Mathias …

Påskesnadder i Krambuå

Laurdag, påskeafta, får du ferske brød og boller i Krambuå, i tillegg til mykje anna snadder. Frå klokka 09 i morgon tidleg får du ferske brød, boller, skillingsboller og skoleboller i Krambuå! Du finn sjølvsagt og gode drikkevarer, lamme- og kalvekjøt, røykelaks, tørrfisk og nydelege villsauskinn.

Skjær-TORSDAGSTRIM m/påskequizz

Torsdagskveldar 19.30 er treningskveld på Jøsneset.  Så blir det òg Skjærtorsdagskveld ! Denne kvelden kan du få trene både kropp og hjerneceller i ein og same operasjon.  Jakob Hjorteland Gbada har treninga, og legg opp 10 stasjonar i gymsalen med ulike styrkeøvingar. På kvar stasjon finn du òg eit spørsmål…..  Du får tre rundar på …

Stinn brakke på bedehusbasaren

Påskebasar på bedehuset er god gammaldags tradisjon ! Og i år blei det suksess !  Denne gongen var det «vår eigen» Ådne Skiftun, pensjonert sokneprest frå Skiftudalen som heldt talen. Ådne kom eins ærend frå Gudvangen, der han nå er busett.  Og han kom til fullpakka bedehus. Komiteen tippar nærare 150 var til stades. Det …

Bli med på bordtennisturnering i påska!

Fredag 29. mars, langfredag, blir det uhøtideleg Jøsnesmesterskap i bordtennis på Grendahuset kl 14 Det blir ungdomsklasse (under 16 år), dameklasse og herreklasse. Alle er velkomne, enten du har hytte, hus eller båt – berre du har lyst til å spela bordtennis!Kafèen er open under turneringa, med sal av lapper og kaker.Påmelding til Sven, tlf 92862410, …

Husk påskebasaren !

Bedehusbasar på onsdag 27. mars kl 18.30Mange fine gevinstar som td – Viking-trøye, saueskinn, hotelopphald Energihotellet. Alt står utstilt i kjellaren på bedehuset. Kjøp lodd på VIPPS: 10 kr pr lodd Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr: 612108. Deretter sender du ein SMS til 92 46 36 75 med kven lodda skal stå på, og evt. om nokon av lodda …

Velkommen til Jøsneset

Det er gledeleg når det er lys i husa i bygda, og i vinter har me hatt ein fin liten tilvekst med innflytterar:  to familiar på Foss og Fosså….og her er Mathias og Berit som har flytta frå Stavanger til Knutsvik. Velkommen til alle innflytterar ! Mathias driv som sjølvstendig tømmermann – og har du hytte …

Meld deg på palmepub

Pub på Grendahuset lørdag 23. mars, send ei melding til 95062607 for å melda deg på!  I tillegg til godt utval av god drikke, blir det servert spennande småretter med lokale råvarer – og sjølvsagt god stemning!

Glede for gull !

 Glade og stolte kan de vere både Elodie og Jon på Eiane Gard ! Dei drog inn nye edle prisar for to av sine nylanserte eplesider:Det blei GULL på 2D «Norges beste drikke 2024 »  og bronse på Blom – begge nye villgjæra natursider frå Eiane !!Me er mektig imponerte – gratulerar til Eiane gard …

Kortreist matfestival

Laurdag 16. mars blir Kortreist Matfestival, som er ein form for Gladmatfestival som ikkje skjer i byen, men som skjer i heile Mat-Rogaland frå Egersund i sør til Suldal i nord.   Her er det fokus på lokalprodusert mat og besøk på gardsutsalg.  Her finn du liste over alle lokalmatleverandørane i Hjelmeland du kan besøke.   Her …

Vil du bli med og spela fotball?

Alle som har lyst er velkomne til å spela uhøgtideleg fotball i ballbingen, onsdagar klokka 19! Har du spørsmål kan du ta kontakt med «lagleiar» Tor Magne Skiftun, tlf 99577155

Påskebasar Jøsneset bedehus

Onsdag 27. mars kl 18.30 på Jøsneset BedehusAndakt ved Ådne SkiftunMatsal i kjellaren.  Utlodning med mange fine gevinstarDu kan allereie nå kjøpa lodd på VIPPS: 10 kr pr lodd Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr: 612108Deretter må du senda ein SMS med kven lodda skal stå på, og evt. om nokon av lodda skal vera i barneboka, til Ellen Mari Fosså …

Ny jøsnesbu

Det er blitt såpass sjelden kost med nye jøsnesbuar at Bygdarådet gjorde litt ekstra stas på den yngste innbyggaren Johan Fosså og Tone Tårland fekk ei fin, lita jøsnesjente som framover kan nyta utsikten over Solbygda og fjorden. Leiar i Bygdarådet ønskte henne velkommen med blomar, og me håper å dela ut fleire slike bukettar …

Ny mur ved ballbingen

Uteområdet ved ballbingen har fått ein ny natursteinsmur lødd av Leiv Nesvik, med god hjelp frå fleire frivillige i bygda. Resultatet er fantastisk flott!