Det skjer mye på Grendahus-området for tida! Mandag 5. juni kl 18 blir det ein runde med dugnad på uteområdet, så ta på deg arbeidshanskane og møt opp. Det blir sjølvsagt også tid til kaffi, is og drøs. Velkommen!
Ikkje så reint få bøtter og klutar var i aksjon då 6 dugnadsklare damer satte i sving. I strålande ettermiddagssol og med godt humør gjekk arbeidet unna. Etter ein times tid var det meste av arbeidet gjort. Då var vindauga pussa og stolar, skap og gulv vaska. Då alt var ferdig blei det tid for sjokoladekake og …
Bedehusstyret arrangerer dugnad på bedehuset torsdag 1. juni, kl 18-20. Det trengs blant anna ein skikkelig vask i salen oppe, kjellaren og kjøkkenet. Dersom det blir tid, bør og vindauga få seg ein vask. Gi beskjed til Ellen Mari på mobil 92463675 om du har anledning til å bli med. Kjekt om mange kan stille! Helsing …
Hardhausen blei gjennomført for 15. gong 1. pinsedag. Deltakerane fekk alle årstider, men dei 48 som starta såg ut til å ha hatt ein fin tur. 14 gjekk for første gong, og alle kan kalla seg hardhausar. Eilef Foss deltok for 10. gong, medan Rick Andre Opedal, Jakob Hjorteland Gbada og Vebjørn Fosså har deltatt …
Har nokon mista ein gullring? Ein ring blei funne ved Norda Høgaste tidligare denne veka. Den låg like ved postkassen. Gi beskjed dersom du saknar den – enten til oss i redaksjonen eller til Ole Geir Åsland (som fann ringen).
Det nærmar seg pinsehelg og Hardhausen med stormskritt. Følg med på værmelding! Ha med mat og klær etter forholda. Her finn du MEIR INFO OM HARDHAUSEN
Ballbingen på Jøsneset vert stengd f.o.m. måndag 22. mai. Det gamle utslitte graset skal fjernast. Underlag skal gjerast klar for nytt kunstgras utan gummigranulat. Dette skal etter planen leggjast i løpet av sommaren. Ber om INGEN AKTIVITET i bingen i denne perioden. Takk! Helsing «Ballbingefedre» og Hjelmeland IL
Jøsnes-sida har fått ein henvendelse fra nokon som ønsker å leige ein båtplass på Jøsneset i sommar. Ein stad mellom Nesvik og Knutsvik, for ein båt på 21 fot. Dersom nokon har ein båtplass til låns kan dei ta kontakt med oss i redaksjonen (Silje, Svanhild eller Solveig, eller epost til nettside@josneset.no).
Då nærmar det seg vårens vakraste eventyr – HARDHAUSEN – ei vandring frå nut til nut på Jøsneset. Og som vanleg skjer det 1.pinsedag. Følg med på værmelding. Kle deg etter været, ta med godt lag og godt med mat og drikke – det er ein relativt krevjande tur om du skal gå alle dei …
Snart er me i mai, og det er på tide å gje bygda og Grendahus-området ein vårpuss. Det blir tradisjonell ryddedag 6. mai klokka 11 med oppmøte på grendahuset. Me går langs vegane i bygda og plukker søppel, gir grøntanlegget ein overhaling og ordner praktiske småting. Det blir sjølvsagt tid til mat, kaffi og sosialt samvere også! …
Det blir møte for Normisjon på Jøsneset bedehus, tysdag 18. april kl 18.30. Talar er Aud Vihovde Hoftun. Det blir kollekt til Normisjonen. Alle er hjarteleg velkomne!
Vinnar: Rune Egeskog Spørsmåla til årets påskequizz var fordelt ut på 8 ulike postar i bygda. Sigurd Opedal og Rune Egeskog var dei to som besøkte alle postane, og svara………. ……på alle spørsmåla. Flott innsats, for det innebar òg ein «svipptur» oppom Norda Høgaste ! Og innsatsen viste igjen på poenglista, då dei fekk med …
Onsdag 5. april var det tid for den årlege påskebasaren her på Jøsneset. Solbygda levde opp til navnet sitt, og mange store og små hadde funnet vegen til bedehuset denne flotte vårkvelden. Som vanleg var det god stemning, god mat og mange håpefulle lodd-kjøperar. Styret i bedehuset hadde gjort ein imponerande jobb med å få inn flotte gevinstar. …
Påske = tradisjonar. Slik som gjengen her i Knutsvik: Møtes til PÅSKEBAD SKJÆRTORSDAG !! Dette skjer trass i litt guffen kald trekk og skyer akkurat denne dagen. Send oss FOTO FRÅ DIN JØSNES-PÅSKE ! Frå hagen, våren, rusleturen, fjelltoppen, fisketuren ….eller kva det er de finn på i påsken på Jøsneset. Foto sendast til på …
Samtidig som verdensnyheten Hydra startar si tjeneste, kjem Norled med fleire gode nyheter. Dei fortel at det i løpet av 2025 skal settast inn ei heilt ny ferje i Ombo-sambandet. Den nye ferja skal vere elektrisk, og ha kapasitet for opptil 20 bilar. Dette fører til at ferjene som går mellom Hjelmeland og Nesvik ikkje lenger …