Julekakebaking med smaking !

Kva likar du best? Bake eller smake ??  Tysdag 5. desember kan du gjere begge deler på Jøsneset grendahus – sjå berre her:

Først baking frå kl 18.00 :  Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor deig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) – og kom heim med x antall sortar – alt etter kor mange som møter opp. Raskt – effektivt – sosialt !  SMS Svanhild 97 00 76 36 og gi beskjed om kva sort du ønskjer å ta med

Så smaking ca kl 19.45  – ALLE velkomne 
anten du har baka eller ei ! Kom gjerne berre innom for å smake, prate og ein kopp kaffe.

Velkommen til ein sosial og nyttig julekakebakesmakekveld !

Anne og Svanhild


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.