Månad: juli 2023

Hjelp til rigging og nedrigg for Smashing

Det blir rigging til konserten torsdag 3/8 klokka 18 og nedrigg søndag 6/8 klokka 12. Alle frivillige blir inviterte til restefest på Grendahuset! Har du anledning til å ta i eit tak så kontakt Odd tlf 97705273

Smashing Jøsneset nærmer seg!

No er det kun 6 dager igjen til årets høgdepunkt, er du klar?? Du finn alt du treng å vita her Du kan sikra deg billetter på Hoopla fram til 03.08., og HUSK å bestilla busstransport seinast torsdag!

Ferske bakevarer i Krambuå i dag

I dag (laurdag) får du kjøpt Øyvind sine ferske brød, skuleboller og kanelsnurrar i Krambuå  

PR-turnè for Smashing Jøsneset

Team Tverrbekken har turnert Middelhavet for å laga blest om Smashing Jøsneset!  Både på stranda, volleyballbanen og på ute- og spisestader har folk fått med seg det glade Smashing-budskap. HUSK at du må sikra deg billetter i løpet av helga for å få dei til best pris!  Billetter får du kjøpt HER

Kryssing av RV13 for mjuke trafikantar

Dei som sykler og går frå og til Nesvik ferjekai må i dag kryssa riksveien for å nytta fortauet, og det kan vera eit skummelt prosjekt mellom bilistar med dårlig tid både til og frå ferja! Jøsneset Bygdaråd har ønska at det blir laga gangfelt over vegen, men dette meiner Statens Vegvesen ikkje er eit …