Månad: april 2023

Hardhausen 2023

Då nærmar det seg vårens vakraste eventyr – HARDHAUSEN – ei vandring frå nut til nut på Jøsneset. Og som vanleg skjer det 1.pinsedag.  Følg med på værmelding. Kle deg etter været, ta med godt lag og godt med mat og drikke  – det er ein relativt krevjande tur om du skal gå alle dei …

vår og tid for ryddedag

Snart er me i mai, og det er på tide å gje bygda og Grendahus-området ein vårpuss. Det blir tradisjonell ryddedag 6. mai klokka 11 med oppmøte på grendahuset. Me går langs vegane i bygda og plukker søppel, gir grøntanlegget ein overhaling og ordner praktiske småting. Det blir sjølvsagt tid til mat, kaffi og sosialt samvere også! …

Møte på bedehuset 18. april

Det blir møte for Normisjon på Jøsneset bedehus, tysdag 18. april kl 18.30. Talar er Aud Vihovde Hoftun. Det blir kollekt til Normisjonen. Alle er hjarteleg velkomne!

Vinnar av Påske-Quizzen 2023

   Vinnar: Rune Egeskog Spørsmåla til årets påskequizz var fordelt ut på 8 ulike postar i bygda.   Sigurd Opedal  og Rune Egeskog var dei to som besøkte alle postane, og svara………. ……på alle spørsmåla. Flott innsats, for det innebar òg ein «svipptur» oppom Norda Høgaste ! Og innsatsen viste igjen på poenglista, då dei fekk med …

Flott gåve til bedehuset

Onsdag 5. april var det tid for den årlege påskebasaren her på Jøsneset. Solbygda levde opp til navnet sitt, og mange store og små hadde funnet vegen til bedehuset denne flotte vårkvelden. Som vanleg var det god stemning, god mat og mange håpefulle lodd-kjøperar. Styret i bedehuset hadde gjort ein imponerande jobb med å få inn flotte gevinstar.  …

Påsketradisjon «Min Jøsnespåske»

Påske = tradisjonar.  Slik som gjengen her i  Knutsvik: Møtes til PÅSKEBAD SKJÆRTORSDAG !! Dette skjer trass i litt guffen kald trekk og skyer akkurat denne dagen.  Send oss FOTO FRÅ DIN JØSNES-PÅSKE ! Frå hagen, våren, rusleturen, fjelltoppen, fisketuren ….eller kva det er de finn på i påsken på Jøsneset.  Foto sendast til på …

Ny Omboferje – og kraft fra Jøsneset

Samtidig som verdensnyheten Hydra startar si tjeneste, kjem Norled med fleire gode nyheter. Dei fortel at det i løpet av 2025 skal settast inn ei heilt ny ferje i Ombo-sambandet. Den nye ferja skal vere elektrisk, og ha kapasitet for opptil 20 bilar. Dette fører til at ferjene som går mellom Hjelmeland og Nesvik ikkje lenger …