Godt og vel 120 stk fant vegen til Skiftun kai denne laurdagen – då feira me 100-årsjubileum. Jøsneset Bygdaråd var vertskap, og leiar Oddvar Skiftun innleia med mimring om stemninga på kaien då rutebåten kom inn! Dette var bygda sin møteplass nr 1 gjennom mange, mange tiår takka vere rutebåtane, butikken, posten – nå er …
Me satsar på godvær på laurdag, og håpar alle har tid og lyst til å ta turen på kaien. Kaien blir frihalden for parkering av bilar; så ver snill å parkere oppe ved Grendahuset…så får du ein fin spasertur ned Skiftudalen til kaien. Rutebåten kjem ikkje – den tida er forbi – men du kan …
Fredag 24. juni hadde Hjelmeland Teaterlag premiere på teaterstykket Mordet på Øye, og to av skuespelerane er Jøsnesgutane Julian og Jaden Bouzane. Stykket er basert på ei sann historie, om eit uoppklart mord som skjedde på Randøy i 1718. Det flotte været var perfekt for at forestillinga kunne visast på Vigatunet, noko som gjorde opplevelsen for publikum ekstra …
Rundt 50 store og små tok turen til Skiftun-stranda i kveld for å feire St.Hans. Flott vær og stort bål, god varme på grillen og godt lag. Det blei ein veldig fin kveld! Det var mange kampingstolar og grillpølser som hadde funnet vegen til Skiftun-stranda i kveld. Veldig kjekt å sjå at så mange tok turen, og …
Torsdag 23. juni blir det tradisjonell St.Hansfeiring i Skiftunstranda. Me satser på fint vær, stort bål og kjekt lag. Det blir fiske- og krabbefangstkonkurranse for dei yngste. Ta med fiskeutstyr og bøtte. Premiering! ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE! Bygdarådet
Foto:EianeGardMe gratulerar masse Eiane Gard for nye gjeve prisar for sin eplesider. Denne gongen blei de faktisk kåra til verdas beste – intet mindre! I CiderWorld2022 i Frankfurt denne helga fekk Eiane Gard to prisar i to ulike siderklassar: GULL til BRIST og SØLV til FYNDIG ! Les meir på Eiane Gard si Facebookside. …
Det er ikkje småttrier for ein 10-åring å gå HARDHAUSEN. Ruta er nesten 2 mil lang frå Åsland ca 250 moh, via Norda Høgaste 690, Gunlanuten 829, Røssenibben 718 , Valafjell 713, Fosstemmen 380 og tilbake igjen til Åsland ca 250. Det er FRISKT gjort i solsteiken – og med denne friske, glade solfylte SELFIEN …
Sjå dei mange flotte selfiane fra årets Hardhaus. Hardhaus-selfie av Magne. Selfie sendt inn fra Ingvild Marianne har sendt oss denne Hardhaus-selfien Ned Halvardskarsjuvet, før sola kom gjennom. Sevland-selfie Therese sine selfier Team Kjærvoll og Berge Kevin sin selfie Øyvind på Valafjedlet Stolte 10-åringar som har fullført sin første Hardhaus! Kristiane og …
I går, torsdag 2. juni, gjekk årets RyfylkeQuiz av staben. Ryfylkequiz er ein årleg konkurranse for alle 8. klassar i Ryfylke-kommunane, som starta i 2016. I år var Jaden Bouzane fra Jøsneset på laget som representerte Hjelmeland. Saman med to andre i klassen vann dei først den lokale konkurransen på Hjelmeland ungdomsskule, og blei sendt til …
Jøsneset Helselag ønskjer velkommen til Hardhausen 2022 på søndag 1.pinsedag. Alt er i rute, heia er snøfri og fin, ein del ruter er nymerka og værmeldinga er bra ! I år skjer alt på same dag 1. pinsedag, slik «før-koronatid». Du har to muligheter for start: Start Åsland: Her vil du møte Marit frå morgonen …
Skiftun kai har i generasjonar vore bygda sin viktigaste møteplass. Dåtidas «internett» der informasjon fløyma ut og inn -og nye trendar openberra seg. Rutebåtar har kome, rutebåtar har gått. Hurtigbåtar, butikk, post, fiskemottak, bryggedans, båthamn, fisking, bading, siderbrygging….og meir til. I 1922 skjedde dei ei stor oppgradering av kaien, og det er i år 100 år …
Helselaget minner om at alle over 60+ er invitert på tur til Skabelonen i Årdal med eigen buss 23. mai. Eldfinn Austigard tek i mot og serverer saupskoltar og bålkokt kaffe – og han fortel historier om alle dei flotte utskorne trefigurane han har i hage og hagestove ! Eigenandel kr 100,- Påmelding innan 20. …
For at det skal vere ekstra fint ved Grendahuset når me endeleg kan feire 17. mai saman, inviterer Bygdarådet til dugnad laurdag 14. mai fra kl 10 (det er lov å komme seinare, dersom du likar å nyte ein sein frukost). Det vil bli ein kaffipause med noko og bita i, midt på dagen. Ting …
Det nærmar seg HARDHAUSEN og vandring i fjella våre ! Set av 1. pinsedag – søndag 5. juni. Her finn du MEIR INFO
Jøsneset bygdaråd kan også i år tilby sommarjobb ved uteområdet ved Grendahuset. Frist for å søke er 14. mai.
Bygdarådet hadde eit møte mandag 25. april. Referatet kan du lese her. Utleigeprisar for dei ulike lokala er også oppdatert. Du kan sjå dei nye prisane her. På mandag blei det også arrangert Ryddedag. Bygdarådet ønsker å seie takk til alle som møtte opp og bidrog til å rydde strender og langs vegar. Det positive er at det …
Etter at koronaen slapp taket, har det auka godt på med medlemmer på treningsrommet ! Og nå i påsken har det vore svært godt besøkt. Ingen fellestreningar, men individuelle treningar basert på medlemskap og kodelås. Og så flott og fint som folk har forlatt lokalet !!! Det er supert !! Nå er påskeutvasken tatt både …