År: 2022

Heia Eiane ! Heia Buhagen !

Nok ein gong grunn til å heie på Jøsnesprodukta !  BÅDE Eiane Gard OG Buhagen er gått vidare frå delfinale til FINALE i kåringa av landets beste produkter i «Det norske måltid». Buhagen i klassen «Årets drikk» med sin  «Musserende eplemost»  og Eiane Gard i klassen «Årers sider» for sin «Brist».  Begge produsentane står «på håvet» i …

Takk for bidrag til demensaksjon

På den internasjonale altzheimerdagen 21.september hadde Nasjonalforeningen for folkehelsen – Jøsneset helselag innsamlingsaksjon for demenssaken.   Det var bøsseberarar ute både ved banke/butikken på Hjelmeland, og frå dør til dør her på Jøsneset. Det blei samla inn totalt 11 300,- som er overført til Demensaksjonen.  Tusen takk til alle som bidrog.  Pengane blir brukt til demensforskning …

Referat møte i bygdarådet 27.sept

  Bygdarådet hadde møte forrige veke. Du kan lese referatet HER.   

Vêrakåring på Foss

Søndag 2. oktober stiller 94 vêrlam til konkurranse om å bli Hjelmelands flottaste hjå Sven Westersjø på Foss. Det blir open låve og sal av grillmat frå klokka 10

Ledig kontorplass

Er du lei av å jobbe ved kjøkkenbordet på hytta? Eller kanskje du har heimekontor uten eigna lokaler? Du har moglegheit til å leige kontorplass i det gamle skulebygget ved Grendahuset på Jøsneset.  Det går an å leige fast antall gonger i måneden, eller du kan bestille ein dag om gangen. Informasjon og prisar finn …

Strikkekveld Trivselstova

Haustens første strikkekveld i Trivselstova onsdag 28. september kl 19.00 – 21.00.Alle velkomne, med eller utan strikketøy Arr: Nasjonalforeningen for folkehelse – Jøsneset Helselag

Demensaksjon v/ Jøsneset Helselag

Arr: Nasjonalforeningen for folkehelse – Jøsneset Helselag

INNSAMLING ROMANIA

16. SEPTEMBER KL 17.00 – 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJONMe treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn og stoff, strikke-og sysaker, leiker – Ja, alt mogleg.Pakk godt i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 50,-  VIPSS: 95105424Stor takk til alle !Inger Apeland 95 10 54 24 

Dugnad for våte turstiar

Onsdag denne veka var det ein effektiv gjeng som lasta på 13 tunge trelemmar på traktorhengar på Foss, og kjørte de inn til Skiftunstølen. Der blei dei 3-5 m lange/tunge trelemmene lessa av og bore inn til den våte myra som Gunlanutstien går over.   Her blei lemmane lagt ut og «montert» på dei våtaste partia, …

Bli med på turstidugnad – Onsdag 17.aug

  Denne stabelen med ganglemmar ligg på Foss, og skal nå leggjast ut i våte parti på stien til Gunlanuten.  Lemmane er ca 3-5 m lange,og blir frakta med traktor frå Foss til Skiftustølen, og skal altså bærast inn frå traktorvegen og eit par hundre meter inn på myra der det er veldig vått.  Då …

Bussruter Smashing Jøsneset – feil i telefonnummeret til Sven!

Det sneik seg dessverre inn ein feil i bussrutene! Vil du bestilla buss fra Jøsenfjorden eller Hålandsosen må du ringa Sven på nr 92862410 i løpet av torsdag kveld!

Førehandssal av Smashing-billetter ut torsdag

Salet av billetter til årets Smashing Jøsneset går unna som varme skuleboller! Dersom du vil sikra deg billett, har du sjansen fram til midnatt torsdag 4. augusther. Det blir sal av resterande billetter ved inngang til konserten.

Treningsrommet stengd laurdag kveld

På grunn av Smashing Jøsneset er treningsrommet stengd laurdag 6. august frå kl 17

Vinnaren av høgttalaren er klar

Me har trukke ut ein av dei som kjøpte billett til Smashing Jøsneset seinast 1. august, og den heldige vinnaren er Catrine Kjærvoll! Gratulerer!!  

Bussruter Smashing Jøsneset – feil telefonnummer til Sven!

Det sneik seg inn ein feil i bussrutene! Vil du bestilla buss frå Jøsenfjorden eller Hålandsosen må du ringa Sven på nr 92862410 i løpet av torsdagskvelden!

Nye vinnersjanser for Smashing-publikum

Har du tenkt deg på Smashing Jøsneset 6. august kan det lønna deg å møta opp før kl 19. Då er du nemlig med i trekninga av denne flotte drillen frå Årdal Landbruk! Det blir billettsal i døra, men du kan sikra deg billett allereie no her

Smashing treng hjelp til rigging og rydding

Laurdag 6. august nærmer seg, og me er i innspurten til Smashing Jøsneset! For å gjennomføra konserten er me heilt avhengige av frivillige som tar i eit tak før, under og etter konserten. Kan du bidra?RIGGING: FREDAG 5. AUGUST KL 16NEDRIGG: SØNDAG 7. AUGUST KL 12Kontakt Odd Fossaa tlf 97705273 eller send ei melding til Smashing Jøsneset …

Vinnersjansar ved kjøp av Smashing-billett!

Alle som kjøper billett til Smashing Jøsneset her er med i trekninga av denne flotte høggtalaren frå Power Jørpeland!

Møteplass i naturen – Smidjehaugen

I samband med markeringa av Skiftun kai 100 er det òg gjenskapt ein møteplass i naturen – på Smidjehaugen i Norda Skiftun, med fin utsikt ned til Skiftun kai. Her ute på den markante haugen møttes naboar/bygdefolk før i gamle dagar då rutebåten kom inn; for å sjå, prate og få siste nytt.  Det har …