Liker du best å bake? Eller å smake ?? Mandag 12. desember kan du få gjere begge deler på Jøsneset grendahus !!
Det blir først baking frå kl 18.00 til ca kl 20.000: Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) – og kom heim med x antall sortar – alt etter kor mange som møter opp. Raskt – effektivt – sosialt ! Meld frå til Svanhild 97 00 76 36 og gi beskjed om kva sort du ønskjer å ta med, så kanskje me får alle sortane i boks
Etter baksten ca kl 20.00 er ALLE velkomne
anten du har baka eller ei ! Kom gjerne berre innom for å SMAKE, PRATE og EIN KOPP KAFFE !
Velkommen til ein sosial og nyttig kveld med julekakebakesmake
Anne og Svanhild
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.