Har du hytte på Jøsneset?.. eller andre stader i kommunen? Prosjektet «Hjelmeland naturlegvis» v/Hjelmeland kommune ønskjer alle fritidsbuande velkommen til nydeleg, lokal frukost laurdag 15.oktober, denne gang på solfylte Jøsneset! Du er velkommen uansett kor i kommunen du har deltids- eller fritidsbustad. Frukost blir servert kl. 10, og programmet startar kl. 10.30. Jøsneset Grendahus. Påmelding til postmottak@hjelmeland.kommune.no eller tlf. 51 75 00 00 innan onsdag 12. oktober.
Program….
- Velkommen v/fungerande ordførar Anita Husøy Riskedal
- Kort om status i prosjekt «Hjelmeland Naturlegvis» v/Jan S. Grimstad
- Informasjon frå Hjelmeland kommune v/Jone Fuglesten
- Bli kjent med Solbygda Jøsneset
- Pause – 15 minutt
- Bli betre kjent med driftige bedrifter frå Jøsneset
- Presentasjon av Hjelmeland Frivilligsentral v/Åsmund Sigmunstad
- Kulturtilbodet i Hjelmeland v/Magnar Riveland
Etter arrangementet blir det god anledning til å besøke og handle i Krambua, som ligg rett nedanfor Jøsneset Grendehus, mot Skiftun kai (ca. 200 meter).
Arr: Hjelmeland naturlegvis i samarbeid med Jøsneset bygdaråd som teknisk tilretteleggjar.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.