Heia Eiane ! Heia Buhagen !


Nok ein gong grunn til å heie på Jøsnesprodukta !  BÅDE Eiane Gard OG Buhagen er gått vidare frå delfinale til FINALE i kåringa av landets beste produkter i «Det norske måltid». Buhagen i klassen «Årets drikk» med sin  «Musserende eplemost»  og Eiane Gard i klassen «Årers sider» for sin «Brist». 

Begge produsentane står «på håvet» i innhausting, sortering, safting, tapping og pakking…..og de er ikkje lette å få i tale.  Men her har me fått et blinkskot av to av «medarbeidarane» ute i frukthagen: Unge, franske Bastian er epleplukkar BÅDE på Eiane og på Skiftun/Buhagen, med erfaring frå drueplukking i Champagnedistriktet.  Her saman med Olga Hjorteland som går fulle dagar heile innhaustingsesongen, i sitt 90-ende år (og har hausta frukt nesten like mange sesongar).  Me tippar påstanden om at innhaustinga er i dei beste hender begge stader. 
Foto: Jostein Hjorteland

Finalen i «Det norske måltid» er 2. februar 2023 . Følg med – stryk flagget !

Glede i leiren på Eiane over finaleplassen :
Foto:Eiane gard

Tommel opp frå Elodie og Jon på EianeFoto: Eiane gard

Og her er Simon Mathisen i full sving – klar for safting av eplesorten Sunrise på kaien på Skiftun:

Foto: Jostein Hjorteland

 

Dei to finaleprodukta :

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.