Månad: august 2022

INNSAMLING ROMANIA

16. SEPTEMBER KL 17.00 – 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJONMe treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn og stoff, strikke-og sysaker, leiker – Ja, alt mogleg.Pakk godt i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 50,-  VIPSS: 95105424Stor takk til alle !Inger Apeland 95 10 54 24 

Dugnad for våte turstiar

Onsdag denne veka var det ein effektiv gjeng som lasta på 13 tunge trelemmar på traktorhengar på Foss, og kjørte de inn til Skiftunstølen. Der blei dei 3-5 m lange/tunge trelemmene lessa av og bore inn til den våte myra som Gunlanutstien går over.   Her blei lemmane lagt ut og «montert» på dei våtaste partia, …

Bli med på turstidugnad – Onsdag 17.aug

  Denne stabelen med ganglemmar ligg på Foss, og skal nå leggjast ut i våte parti på stien til Gunlanuten.  Lemmane er ca 3-5 m lange,og blir frakta med traktor frå Foss til Skiftustølen, og skal altså bærast inn frå traktorvegen og eit par hundre meter inn på myra der det er veldig vått.  Då …

Bussruter Smashing Jøsneset – feil i telefonnummeret til Sven!

Det sneik seg dessverre inn ein feil i bussrutene! Vil du bestilla buss fra Jøsenfjorden eller Hålandsosen må du ringa Sven på nr 92862410 i løpet av torsdag kveld!

Førehandssal av Smashing-billetter ut torsdag

Salet av billetter til årets Smashing Jøsneset går unna som varme skuleboller! Dersom du vil sikra deg billett, har du sjansen fram til midnatt torsdag 4. augusther. Det blir sal av resterande billetter ved inngang til konserten.

Treningsrommet stengd laurdag kveld

På grunn av Smashing Jøsneset er treningsrommet stengd laurdag 6. august frå kl 17

Vinnaren av høgttalaren er klar

Me har trukke ut ein av dei som kjøpte billett til Smashing Jøsneset seinast 1. august, og den heldige vinnaren er Catrine Kjærvoll! Gratulerer!!  

Bussruter Smashing Jøsneset – feil telefonnummer til Sven!

Det sneik seg inn ein feil i bussrutene! Vil du bestilla buss frå Jøsenfjorden eller Hålandsosen må du ringa Sven på nr 92862410 i løpet av torsdagskvelden!