Månad: juli 2022

Nye vinnersjanser for Smashing-publikum

Har du tenkt deg på Smashing Jøsneset 6. august kan det lønna deg å møta opp før kl 19. Då er du nemlig med i trekninga av denne flotte drillen frå Årdal Landbruk! Det blir billettsal i døra, men du kan sikra deg billett allereie no her

Smashing treng hjelp til rigging og rydding

Laurdag 6. august nærmer seg, og me er i innspurten til Smashing Jøsneset! For å gjennomføra konserten er me heilt avhengige av frivillige som tar i eit tak før, under og etter konserten. Kan du bidra?RIGGING: FREDAG 5. AUGUST KL 16NEDRIGG: SØNDAG 7. AUGUST KL 12Kontakt Odd Fossaa tlf 97705273 eller send ei melding til Smashing Jøsneset …

Vinnersjansar ved kjøp av Smashing-billett!

Alle som kjøper billett til Smashing Jøsneset her er med i trekninga av denne flotte høggtalaren frå Power Jørpeland!

Møteplass i naturen – Smidjehaugen

I samband med markeringa av Skiftun kai 100 er det òg gjenskapt ein møteplass i naturen – på Smidjehaugen i Norda Skiftun, med fin utsikt ned til Skiftun kai. Her ute på den markante haugen møttes naboar/bygdefolk før i gamle dagar då rutebåten kom inn; for å sjå, prate og få siste nytt.  Det har …

100års-mimrefest på Skiftun kai

Godt og vel 120 stk fant vegen til Skiftun kai denne laurdagen – då feira me 100-årsjubileum.  Jøsneset Bygdaråd var vertskap, og leiar Oddvar Skiftun innleia med mimring om stemninga på kaien då rutebåten kom inn!  Dette var bygda sin møteplass nr 1 gjennom mange, mange tiår takka vere rutebåtane, butikken, posten – nå er …