Jøsnesbu var med i RyfylkeQuiz 2022

I går, torsdag 2. juni, gjekk årets RyfylkeQuiz av staben. Ryfylkequiz er ein årleg konkurranse for alle 8. klassar i Ryfylke-kommunane, som starta i 2016. I år var Jaden Bouzane fra Jøsneset på laget som representerte Hjelmeland. Saman med to andre i klassen vann dei først den lokale konkurransen på Hjelmeland ungdomsskule, og blei sendt til Ryfylkefinalen som i år var i Suldal kommune.
Det var skyhøgt nivå, og det var til slutt Sand ungdomsskule som stakk av med den gjeve seieren. Me gratulerer Jaden med god innsats! Ein kan sjå heile sendinga på YouTube (sjå nederst i artikkelen).

 

 

 

Youtube


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.