Håvehammar og Nesdalsfjell er jo våre to mest populære turmål. Innimellom trengs det fiksing på skilt og skogsrydding. På Håvehammar var nokre av retningsskilta falt ned, men vha frvillige hender er desse nå på plass igjen; og folk kan nå finne vegen både til Tonå og Åsland frå Håvehammar igjen. I påsken har det vore 180 besøkande på Håvehammar, så me lurer på om turmålet har tatt opp kampen med Nesdalsfjell igjen om mest besøkstal?
Men det skjer ting på Nesdalsfjell òg. Nå har grunneigarar/frivillige rydda skog og kratt ved denne flotte utsiktsplassen, så nå er sikten enda betre !! Sjekk berre her:
Ja, og har du lyst å sjå koss det ser ut i retning ferjekaien; ja, då er det berre å ta turen opp. Flott nærtur med startpunkt Jøsnesvegen 41/Nesvik.
Takk til Ellen Mari Fosså for info, foto og skiltrydding
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.