Mon tru om det er korona som har gitt denne positive effekt? For folk går på tur i nærmiljøet som aldri før !! I 2020 var det ein auke på 1200 fleire besøkande på våre turpostar ift 2019. Nå i 2021 har det vore ein ytterlegare auke på nesten 1000 fleire besøkande. Totalt sett har det vore 6 568 stk oppom dei 10 turpostane våre. Og her er det mange som har gått veldig mange turar. I Nesvik er det nokre damer som skiljer seg markant ut ift tal signaturar i boka, og har gått uttallige gonger til Nesdalsfjellet ila året. Takka vere desse trufaste damene, har Nesdalsfjellet segla opp til å bli vår mest populære turpost med 1694 besøkande.
Av dei 6 568 besøkande er det trekt ut 13 vinnarar frå dei 10 turpostane:
Premien er ein liten tur-ryggsekk, så her kan det bli meir turgåing ! Dei som ikkje allereie har mottatt premien kan få denne ved å vende seg til Svanhild 97 00 76 36, og kan hentast på adr Skiftun 62. Me tar elles etterkvart òg kontakt med vinnarane. Gratulerar !
Turstiane blir drifta på frivillig dugnad av bygdefolk som har tatt fadderansvar for dei ulike rutene. Tusen takk til alle for jobben som blir gjort for å halde merker og skilt i orden slik at folk finn fram .
Har du lyst å ta deg tur på Jøsneset og skrive deg inn i turbøkene? Turpostane finn du på TURKART JØSNESET.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.