Årsavgift for treningsrommet 2022


På Jøsneset Grendahus er det eit ope treningstilbod for alle som ønskjer å trene på eigenhand. Det er nå på tide å fornye medlemskapet for 2022 – dørkoden blir bytta ila februar

Ved å betale årsavgift får du tilgang til gymsalen og treningsrommet. På treningsrommet er det tredemølle, romaskin, benkpresse, ellipsemaskin, treningssykkel, vekter, matter o.l.   DET ER NÅ PÅ TIDE Å  FORNYE MEDLEMSKAPET FOR 2022.  Koden til inngangsdøra vil bli bytta ut ila februar, så dersom du vil trene her i 2022 betaler du inn medlemsavgifta kr 400 pr år til Jøsneset Bygdaråd, konto nr 3353.22.13784  eller VIPPS nr 135092 . 

Kontakt deretter Silje Sværen 950 62 607 for kode til inngangsdør v/garderobe.   Dersom du alt har betalt for 2022, vil du få tilsendt koden når den blir skifta ut.

Årsavgifta er auka frå 300 til 400,- mellom anna grunna høge straumprisar.  Avgifta blir elles nytta til drifting av anlegget, og til vedlikehald/supplement av utstyr.  
Me minner om at varmeovnane skal stå på 10 grader når du forlet treningsrommet – og lukk og lås alle dører. 

Hugs òg å rydde fint etter deg, og tørke over berøringsflater og utstyr med desinfeksjonsmiddel som står klar til bruk.

Her er MEIR INFO OM TRENINGSTILBODET PÅ GRENDAHUSET 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.