Ellen Mari Fosså i Hjelmeland Sparebank hadde ei overrasking på lur til leiar i Jøsneset Bygdaråd, Hanne Tjeltveit under julekake-arrangementet tysdag. Ellen Mari overrakte den store «sjekken» frå Hjelmeland Sparebank på kr 10 000,- frå deira gåvefond til bruk på leikeapparat på uteområdet ved Jøsneset Grendahus !
Hanne takka for gåva. Ho opplyste samstundes at Bygdarådet har fått innvilga kr 30 000 frå Gåvefondet til SR Bank til oppussingsprosjektet Jøsneset Grendahus, og kr 10 000 frå Frivilligfondet Hjelmeland kommune til infotavle for Jøsneset Altså eit heilt gåvedryss til bygdarådet nå før jul ! Kjekke tiltak og fine gåver !
foto:svanhild h gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.