Månad: desember 2021

Takk for turen, Sven!

Ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er jo som kjent ein mann med godt humør. Og det stemmer til dei grader for det vesle busselskapet med usedvanlig stort antall bussar, nemlig Sven Westersjø sitt busselskap, som har frakta elevane fra Jøsneset (og Ombo) trygt fram til skulen på Hjelmeland.  I dag var det siste skuledag for …

Ny Jøsnesposten

Denne veka kom det ny utgave av Jøsnesposten. Dersom du ikkje har fått den i postkassa, kan du lese den HER. Det kan vere verdt å merke seg at Førjulskvelden på Mikals Laks, som skulle vere i kveld, dessverre er avlyst. 

Gåvedryss til Bygdarådet

Ellen Mari Fosså i Hjelmeland Sparebank hadde ei overrasking på lur til leiar i Jøsneset Bygdaråd, Hanne Tjeltveit under julekake-arrangementet tysdag.   Ellen Mari overrakte den store «sjekken» frå Hjelmeland Sparebank på kr 10 000,- frå deira gåvefond til bruk på leikeapparat på uteområdet ved Jøsneset Grendahus ! Hanne takka for gåva.  Ho opplyste samstundes at …

Mikals laks førjulskveld – Avlyst !

Den annonserte førjuskvelden på Mikal Laks fredag 10. desember er desverre avlyst ! MEN : dei tek i mot bestillingar på alle produkter både frå Mikal Laks, Buhagen og Dales Juletre.Sjå «meny» på Mikal Laks si facebookside.

Koselig julekakakebakesmakekveld

Det var andre boller å bake kaker på ny-kjøkkenet på Grendahuset enn i det gamle me hadde før ! Det nye kjøkkenet er romsleg, nytt og flott. Og begge dei nye ovnane (+ Trivselstoveovnen) blei tatt i bruk, då brett etter brett etter brett var klar for steiking på tysdag kveld. Ein liten julekake-glad gjeng …

Velkommen til Førjulskveld

  Mikals Laks inviterar til førjulskveld. Det blir servering av gløgg, pepperkaker og smaksprøver på laks. Det blir salg av Mikal Laks-produkter, Dale juletre og Buhagen produkt: eplemost, pinnekjøtt og fenalår av villsau og villsau skinnHer er PLAKATEN