Torsdagstreninga startar opp igjen

Den felles torsdagstrimmen har hatt pause sidan mars 2020, men nå er me klar for trim igjen !  KVAR TORSDAG kl 19.30 GYMSALEN – start torsdag 4. november: Det blir felles trening kondisjon, styrke og gode strekkøvingar.  Silje Sværen er tilbake som instruktør som før. 

PS: bildet er tatt frå opninga av trimrommet 15.februar 2020…..like før nedstenging. Det var sjeldan det var så mange på sjølve torsdagstrimmen,  men me ønskjer nye og «gamle» trimmerar velkomne i gymsalen. Og husk: du treng ikkje trene deg i god form for å komme på trening.  Treninga passe for alle uansett form. 

Har du lyst å trene utan å komme på fellestreninga ?
Då kan treningsrommet vere noko for deg. Du betaler medlemskap kr 300 pr år, så får du koden til dørlåsen, og kan trene når du vil. Treningsrommet har mange apparat; tredemølle, sykkel, ellipsemaskin, romasking, benkpresse, vektmanualer, matter og diverse småutstyr  + du har heile gymsalen å boltre deg i.

  • Alle kan teikna medlemsskap frå det året dei fyller 14 år
  • Medlemsavgifta er kr 300,-/år (som skal betalast til VIPPS til Jøsneset Bygdaråd nr 135092 eller konto nr 33531373109)
  • Når medlemsavgifta er betalt tar du kontakt med Silje på telefon/SMS 950 62 607 – så får du koden til ytterdøra.
  • Medlemmer kan ha med seg andre på trening, men dørkoden kan ikkje gis/lånast ut til andre
  • Følg oppslag om bruk av dei ulike apparata. Ved skader på utstyr eller lokaler som skuldast uvettig bruk kan det koma krav om erstatning
  • Gje straks beskjed til kontaktperson Svanhild tlf 97007636 eller Silje tlf 95062607 om utstyr som blir skada eller ikkje fungerer
  • Ta omsyn til andre
  • Bruk innesko 
  • Etter bruk skal utstyr vaskast/tørkast av med desinfeksjonsmiddel. Bruk antibac, og hugs god håndvask
  • Rydd etter deg og skru av apparat, høgttalar og lys. Sjekk at alle vinduer er stengde og dører låste

Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.