Kom-deg-ut-på-JAZZ-kafè-dagen

Frilufts-jazz-kafeen blir på Turistforeningens nasjonale «Kom-deg-ut»-dag  5.september.  Me oppmodar difor alle å nyte helga ute…… til toppturar på Jøsneset, gjerne med «natt-i-natur»-overnatting, eit bad i Fosstemmen eller heilt lågterskel: Ta ein liten naturquiss-runde rundt Nullen=Skiftudalen før friluftskonserten på uteplassen Jøsneset Grendahus. Les meir om arrangmentet HER

Det blir ute-kafè med varm grillmat, heimelaga suppe m/brød og søtbakst til kaffen – Så kvifor ikkje ta «søndagsmiddagen» ute denne dagen ?

Arrangementet er samarbeid mellom Jøsneset Bygdaråd og Hjelmeland Turlag, og del av RYFEST-programmet.  Det blir gratis pølser og premiering til dei som deltar på naturquissen. Så blir det salg av varm suppe m/ nybakt brød + eplekake, kaffe/te/saft. Registrering ved inngang og husk 1-m-regelen!   

Konsertbilett ved inngang + kafèinntekt = honorar til unge, utøvande jazzmusikarar VASPELAND3, VIPPS 47840680
Vaksne kr 100, Tenåringar kr 50. Barn Gratis

Ein liten smakebit av Vaspeland 3 – Tea for two 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.