Dag: 28. august 2021

Kom-deg-ut-på-JAZZ-kafè-dagen

Frilufts-jazz-kafeen blir på Turistforeningens nasjonale «Kom-deg-ut»-dag  5.september.  Me oppmodar difor alle å nyte helga ute…… til toppturar på Jøsneset, gjerne med «natt-i-natur»-overnatting, eit bad i Fosstemmen eller heilt lågterskel: Ta ein liten naturquiss-runde rundt Nullen=Skiftudalen før friluftskonserten på uteplassen Jøsneset Grendahus. Les meir om arrangmentet HER.  Det blir ute-kafè med varm grillmat, heimelaga suppe m/brød …

Klar for vinterbading ?

«Kogekjellas Venner» har hatt nokre års vinterbadingspause nå, men i 2021 tar de ny sats. Primus motor nå er Anbjørg, framme på foto i nisselua…Ho har som mål å bade kvar veke heile vinteren, og då må jo «gamlingane» følgje på !  Og då må det herdast ! Me oppmodar til første lørdagsbad nå 28.08. …