Onsdag 23. juni blei det ei fin feiring av St. Hans i Skiftunstranda. Mange, både store og små, hadde funne vegen til stranda denne kvelden.
Det blåste ein del men sola var ute, og det var varme både på grillen og fra bålet.
Det var ca 40 som møtte opp, og det blei tid til både grilling, bading, drøs og fiske- og krabbekonkurranse.
Det blei premie både til største og minste krabbe, og til den største (og einaste) fisken.
Takk til alle som kom! Det er kjekt å kunne møtast litt av og til!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.