
Laurdag var det 25 stk som gjekk Hardhausen og søndag 29 stk + 4 stk på 3nutstur. Været har vore variert og vekslande – noko som eigentleg passer godt ettersom tema for fotokonkurransen er «VÆRSTEMNING»
Alle foto som sendes inn blir publisert på Facebook-arrangementet Hardhausen 2021 . I løpet av dei to første dagane har me mottatt mange bilder av ulikt vær på ulike stader frå ulke folk ! Gå inn på FB-sida og sjå ! Det blir kåra ein vinnar – men først når alle har fått sjansen til å gå. Mandag 2. pinsedag meldes det muligens bittelitt finare ? Dette kan føre til enda fleire blinkskudd. God tur !!
PS: Fotoet ovanfor er tatt av Siren Johanne Lorvik på Norda Høgaste- og er eitt av mange som er med i fotokonkurransen – altså ingen kåring foretatt enda !

Minner elles om at gapahuken og bålpanna på Fosstemmen : I år (som i fjor) er det ingen sosial happening der ifm arrangementet, men plassen er open for kven som vil – så det er berre å gå innom å fyre opp og grille seg mat
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.