Frilufts-jazzkafè 16.mai

Jøsneset Bygdaråd ønskjer velkommen til ein liten utandørskonsert på 16.mai. I forkant av jazz-kafèen kan de få «tjuvstarte» på 17.mai-naturstien, anten ved å gå Nullen eller bli med opp til det spektakulære utsiktspunktet Hyestaden på Skiftufjellet bak utescenen. (PS: spørsmålsarka til naturstien blir òg liggjande ute heile 17.mai, så du kan òg velje å gå då).   Jazztrioen Vaspeland3 er nå på ein liten Rogalands-turnè i den form det går an å ha ekte turnè nå til dags – støtta av Fylkeskommunen. Me er glade for å ha utøvande musikarar ute på vegen igjen – og ikkje berre på skjerm  – vipps derfor gjerne litt meir enn minstebeløpet ved inngang.  Det blir rigga til kafèbord/benker ute på plassen, med kafèutsal.  Koronareglar gjeld sjølvsagt ift avstand, antall, registrering – og husk spriten ! Vaspeland3 lovar å servere «Tea for two» – og det skal me få til frå kafeen òg –  pluss kaffe og anna godt !  Her kjem Vaspeland3 sin versjon av «Tea for Two»   – Velkommen !!  VASPELAND


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.