Dugnad for nytt kjøkken

Du har kan hende lagd merke til at det lyser frå «lærarrommet» om kveldane? Der foregår det litt av kvart no for tida!

I januar kjem det nye kjøkkenet, og det er mykje som skal på plass både før og etter at skap og skuffer er på plass. No treng me hjelp frå DEG til å få prosjektet ferdig! 

Kan du bidra til legging av golv, sparkling og maling, rydding og utvask? Det er mange små og store oppgåver å ta fatt på, så alle kan bidra smile

 Ta kontakt med leiar i Bygdarådet Hanne Tjeltveit på tlf 476 68 501

Du er og velkommen til å stikka innom for å sjå på kva som har skjedd så langt. Er det lys i vindauga er det bare å komma, eller du kan låna nøkkel frå Bygdarådet.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.