Månad: september 2020

Takk for bidrag til demensaksjonen

Jøsneset helselag har denne veka hatt digital demensaksjon. Hjarteleg takk til alle som vippsa inn pengestøtte !!  Tilsaman blei det samla inn kr 4 450 via Jøsneset helselag sitt vippsnummer. I tillegg kom det inn kr 2250,- via Facebookaksjonen som helselaget blei oppmoda til sentralt (det beløpet blir registrert inn til Nasjonalforeningen avd Rogaland).    …

DEMENSAKSJONEN 2020

Aksjonen heiter: «Bare forskning kan stoppe demens». Jøsneset helselag Vipps til 562037 – mrk. Demensaksjonen. I år arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsen DEMENSAKSJONEN for 20.gang, men i år utan bøsser. På grunn av koronaepidemien kan me ikkje gå frå dør til dør og ha den tradisjonelle bøsseaksjonen. Men Jøsneset helselag har eige Vipps-nummer 562037. Innsamla beløp …

Hyttefrukost 10. oktober

  Velkommen til hyttefrokost i Hjelmeland! Me inviterer deltids- og fritidsbuande i kommunen til hyggeleg frukostmøte laurdag 10. oktober kl. 9-11. Sett av tidspunktet allereie no! Nærare info om tidspunkt/stad: følg med på Facebook og på heimesida til kommunen. Antal deltakarar og påmelding ifølge gjeldande smittevernreglar.  Arr: Hjelmeland Naturlegvis/Hjelmeland kommune

Strandryddeaksjon 5. – 20. september

I løpet av perioden 5.-20. september inviterer Hold Norge Rent til nasjonal ryddedugnad.  Dei som ønsker å vere med kan hente sekker og lodd hos Hanne C Tjeltveit, telefon 47668501. Fint om du også gir beskjed hvor du har tenkt å rydde. Bygdarådets si oppmoding går til alle, og dersom det er hyttefolk som ønskjer å …

Jøsenfjorden Ut

Den nydelege Jøsenfjorden er verdt å sjå ovanfrå i heile si lengd.  Ila av to dagar har Turlaget fellestur på ytre delar av Jøsenfjorden:– Laurdag 12. september første etappe: Dale-Ramsfjell-Indre Eiane– Søndag 13.september andre etappe: Ytre Eiane – Røssenibben – Nesvik  Du kan vere med på ein av turane, eller begge. Påmelding, så følg linken …

Last til Romania

 Like trufast som trekkfuglane er Romania Aid. Dei hadde innsamling ved branngarasjen på Skiftun i går, fredag 05.september. Og allereie dagen etterpå blei alt lasta inn i stor trailer og kjørt avgårde til Romania. Dei fortel om to prosjekt de satsar på i 2020: to dagsenter fordelt på to ulike byar; Bucharest og Tirgu Mures, …