Månad: juni 2020

SOMMARBASAR MED CORONAVRI

På grunn av corona blei påskebasaren på bedehuset dette året avlyst. Som kjent for dei fleste, er dette hovudinntekta vår, og inntekta går til drift av huset som bygda eig. Vi prøver no ein ny vri, og vil ha sommarbasar med coronavri.  No kan du bli den heldige vinnar av bl.a.ein sykkel, billettar til sightseeing på Jøsenfjorden …

Nydeleg tradisjonell jonsokfeiring – Skiftunstranda

Strålande sommarvær, glovarm grill, flott bål, ivrige krabbefangerar, spente fiskerar, god mat , god badetemperatur – 31 stk benka seg til i Skiftustranda i finfin koronaavstand ! Koseleg, sosialt Jonsok-treff ! Tradisjonell krabbefangstkonkurranse: Ronja fant den største og Pia fant den minste – Begge fekk gåvekort på Enkel-butikken  i premie.  Ivrige fiskerar, fekk lønn for …

TRENINGSROMMET ER OPE IGJEN !

Jippi – etter ein lang korona-pause har òg me her på Jøsneset fått lov å opne treningsrommet igjen  Rommet er ope for alle som betaler medlemsavgift og som er friske/symptomfrie. Kun inngang via garderobedør med kodelås ! Her er meir INFO OG  TRENINGSREGLAR.   

JONSOKFEIRING I SKIFTUSTRANDA

Tradisjonen tro – med litt koronavri – blir det felles jonskofeiring – les meir på PLAKATEN      

Høyring – Utvida produksjon på Fosså-lokaliteten.

Bygdarådet melder at de har fått søknad om utvida produksjonsvolum av laks på lokaliteten på Fosså på høyring. Bygdarådet vil sende ein uttale, og informerer om at dette er ei open høyring som kven som vil kan sende uttale til på eigen hand. De kan òg ta kontakt med Bygdarådet ift kva dei har gjort/meint …

Strandrydde-pengar frå Mowi

Jøsneset Bygdaråd har sendt denne meldinga: «I forbindelse med strandryddingen me hadde så va der mye tilbakemelding på kor enormt mye tau som låg i strendene. Bygdarådet tok derfor kontakt med Mowi og sendte over bilder og ba om ein kompensasjon for jobben som blei gjort av frivillige i bygda.  Mowi svarte at denå  har gått …

Flottaste utsikten – Røssenibben !

Det var varmen og romantikken som seira i årets Hardhausen på Jøsneset. Juryen falt for dette bildet av to 1.gongs-Hardhausar, ja, som første gong gjekk dei 4 nutane NordaHøgaste, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. Og flott at dei ikkje berre sprang på, men faktisk tok seg tida til å sitje ned, vere til stades, nyte sola, fjordutsikten og kvarandre ! Fotograf …