Bygda sin miljøstasjon er plassert på ein usedvanleg flott utsiktsplass på Nesvik v/RV13, som òg er Nasjonal Turistveg. Då er det særs viktig at kun det avfallet som skal INN i kontainerane blir levert der. Ingenting skal stå utanfor kontainerane ! Viganeset gjenvinninstasjon er open ! Sjekk IVAR Renovasjon Ryfylke ! Skrot og avfall som ikkje høyrer til i kontainerane skal til Viganeset !! Kontainerane er tydleleg merka ! Det er skuffande at det dannar seg rot utanfor på den fine plassen, der det nå òg er satt opp infotavle og bord/benk !
Vær med å halde bygda ryddig og fin – er bodskapen frå Jøsneset Bygdaråd, som har sendt desse to bildene.Denne lenestolen høyrer definitivt ikkje heime her !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.