17.mai på Jøsneset 2020

17.mai 2020 kjem definitivt til å gå inn i historia som ein svært spesiell nasjonaldagsfeiring.  Pga koronasituasjonen er det ikkje mogleg å feire så feiande flott i lag,  slik me er verkeleg er kjent for her i Norge.  Heller ikkje på vesle Jøsneset kan årets feiring bli heilt som vanleg. Sjølv om me er få i bygda, så vil dei nasjonale reglane slå ut òg her, og me kan nok ikkje samlast i eit tog eller på ein felles stad. Årets komitè har hatt nettbaserte møter, og er samde om at ein form for markering, det blir det. Det som er trygt er naturen og nettet ! Så det blir sannsynlegvis ein kombinasjon av nettbasert overføring og bruk av naturen og turstiane våre ! Og ja:  det blir tale, og den blir både lokal og ungdommelig: Malena Altamirano !! Nasjonalsangen skal òg bli spelt, så då kan de synge med ! Og me heisar sjølvsagt flagget heilt til topps! Me satsar òg på ein form for konkurransar og premieutdeling. Men maten må den enkelte familie stå for sjølv i år !   

Me har kanskje ekstra stor grunn til å feire vår nasjonaldag i år ! Så me oppmodar alle i bygda om å stryke både finstas og flagg, planlegg eit godt måltid mat, kjøp vakre blomster og skap dykkar eiga spesielle feiring !  Kanskje me kan få sjå ulike variantar av familiære tog ?  Meir info om kva for «felles» aktivitetar det blir kjem når dei nasjonale råda kjem ut i starten på mai.   

17-mai-komiteen ! 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.